Informasjon om sykling i jaktperioden

Sjølv om lover og regelverk gir svært gode mogelegheiter for å ferdast i utmark i Norge, har vi trua på at alle er tjent med å ta hensyn og tilpasse seg kvarandre når ein brukar skog og mark. Vi meiner denne tilnærminga er meir effektiv og løysningsorientert, enn å stå fast på prinsipp forankra i lovverket, noko vi ofte ser kan lede til konflikt blant brukergrupper.

Det er lange tradisjonar for jakt i Sogn og svært mange brukar marka på hausten. Vi oppfordrar derfor syklistar til å ta ekstra hensyn i denne perioden, og spesielt i dei mest populære områda for sykling i Sogn.

Sesong og tidsrom

September til desember. Oktober er høysesong.

Jakta går føre seg ofte frå morgengry til ca. 10:30 og frå 15:30 fram til det blir mørkt. Midt på dagen er det ikkje same aktivitet. 

Områder

I tidsromma beskreve over, unngå sykling i desse områda:

 

  • Området over og nedanfor Speiderhytta, ned til begge sider av riksveg/tunnel, og vidare nedanfor riksveg mot Amla.

  • Hungerhaug og ’Konglesladden’ (over riksveg og Amla)

  • Kaupangerholtene (syd for flyplassvegen)

  • Vardaheii (Kaupanger nord-aust ovanfor Dalåker)

  • Siste del av stiar ned mot Eide (bruk sti mot De Heibergske Samlingar og grusvei ned til Eide)

Forslag til alternative stadar å sykle i dette tidsrommet:

 

  • 'Flyplasstien' og området nord for ’flyplassvegen´ ned til Kaupanger sentrum. Her er det mange stiar å ta av. 

  • ’Kraftgata’ og Tømmerrenna (Kaupanger nord)

  • Hesteggi (Sogndal - Kjørnes)

  • Andre områder i Sogn der jakta er mindre intens