Lokal stietikette
I samarbeid med lokalmiljøet på Kaupanger utvikla Sogn Terrengsykkel ein etiketteplakat som presisere ein del lokale regler for stisykling i området. Desse heng ved dei mest populære utfartsstadane og er i våre auge eit godt verkemiddel for bærekraftig bruk av naturområdene på sykkel.
Meld deg inn!
Sogn Terrengsykkel er organisert under Norsk Organisasjon for Terrengsykling (NOTS). NOTS har eit sentralt styre som jobbar for god utvikling og tilrettelegging for terrengsykling i eit nasjonalt perspektiv. Denne koplinga til NOTS gjer at Sogn Terrengsykkel både får bistand frå NOTS i gjennomføring av vårt arbeid, men også at vi bidrar inn i arbeidet for det nasjonale miljøet for terrengsykling.
Dette betyr at du som medlem både er med å støtte arbeid lokalt og nasjonalt. I tillegg gir medlemskapet deg mange gode medlemsfordeler
Ynskjer du å bidra?
Sogn Terrengsykkel jobbar med mange tiltak og aktivitetar for å leggje til rette for eit godt miljø for syklistar. Vi trenger alltids hjelp og bistand til planlegging, gjennomføring av aktiviteter og tiltak i lokalmiljøet.
Aktuelle prosjekter
Pumptrack og hopplinje
(Kaupanger, Sogndal)
Merk VIPPS med "KIL PUMPTRACK"
